Kva skjema skal nyttast?

Ein slik søknad har krav til foretak som kan gis ansvarsrett for søknad, prosjektering og utføring. Dersom søknaden gjeld di eiga hytte, vil det vera mogleg å søkja som sjølvbyggar i samsvar med byggesaksforskrifta § 6-8. Om ein ønskjer å vera sjølvbyggar skal ein i tillegg til skjemaet det er vist til nedanfor, fylla ut blankett 5184.

Kva skal søknaden innehalde:

  1. Søknad om løyve til tiltak (blankett 5174).
  2. Skriftleg søknad om dispensasjon som er grunngjeven må vedlegges.
  3. Opplysningar om tiltakets ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175). Her skal det òg kryssast av for dispensasjon frå arealplan og eventuelt avvik frå tekniske krav. I tillegg skal det leggjast ved opplysing om kva ein ønskjer å avvike frå og ei grunngjeving for dette. Eit døme på dette, er at fritidsbustaden er i ein slik stand at det er forsvarleg å bu der utan behov for forbetringar.
  4. Søknad om løyve til tiltak og dispensasjon skal varslast til nabo. For nabovarsel skal følgjande blankettar brukast: 5156 og 5155. (Hugs å kryssa av for dispensasjon her òg).
  5. Eventuelle merknader skal svarast på og leggjast ved søknaden. Hugs at nabo har to veker til å kome med eventuelle merknader.


Ved eventuelt innvilga søknad skal tiltakshavar melde flytting til ny adresse, dette vil bli satt som eit vilkår i vedtaket med ein tidsfrist for oppfylling .