For at kommunen skal kunne gje dispensasjon, må minimum følgjande vere ivareteke:

  1. Hovudhytte skal ha innlagt vatn
  2. Avløpsløysing skal tilfredsstille krava til heilårsbustad – dette må dokumenterast
  3. Tilkomsten skal være vinterbrøyta
  4. Ligg hytta innanfor ein bomveg, skal naudsynte offentlege instansar (utrykkingsetatar, heimeteneste med vidare ha gratis tilgang til nøkkel eller liknande)
  5. Det må liggje føre dokumentasjon på at radon-konsentrasjon målt etter Strålevernet sine prosedyrar, er innanfor grenseverdiane. (Bygg oppførte etter 2011 er bygde med radonsperring/radonbrønn og tilfredsstiller kravet)


Nokre av punkta ovanfor vil kunne bli sett som vilkår i vedtak med ei tidsfrist – mellom anna dokumentasjon for radonmåling og eventuelt førebyggjande tiltak mot radon. Adresseendring i folkeregisteret vil òg vera eit vilkår for dispensasjon.

Om det blir sett vilkår i vedtaket, vil det kunne bli utstedt eit mellombels bruksløyve fram til vilkåra er oppfylt med ei tidsfrist jf. plan- og bygningslova § 21-10 tredje ledd. Når vilkåra er oppfylt innan fristen, kan ein få ferdigattest.

Det vil bli sendt kopi av vedtak til Hægebostad og Åseral Renovasjonsselskap IKS (HÅR) og Brannvesenet Sør IKS.