Feiing og tilsyn

Visste du at feiaren har fått nytt namn?

Nå heiter det brannførebyggjar. Det nye namnet beskriv mykje betre kva arbeidet går ut på. I dag gjer brannførebyggjaren mykje meir enn å feie skorsteinar. Ein brannførebyggjar kjem på tilsyn og treff huseigar, snakkar om generell branntryggleik, og feier sjølvsagt skorsteinen om det er behov, såkalla behovsprøvd feiing. I etterkant vil du få ein rapport som beskriv om noko må utbetrast, eller om det er trygt og godt.

Behovsprøvd, kva er det?

Dette tyder at vi skal kome på tilsyn eller feie når det er behov. Dette blir styrt av ei risikovurdering som er unik for kvart bygg. Vi baserer informasjonen på ei rekke punkt som er med på å avgjere når neste besøk vil vere. I hovudsak baserer det seg på faglege vurderingar som blir gjort under feiing og tilsyn.

Kvifor er det eit årleg gebyr?

Det er eit årleg gebyr, uavhengig av kor ofte tilsyn/feiing blir utført. Storleiken på avgifta er regulert i høve til eit gjennomsnitt av tilsyn og feiefrekvensen på alle fyringsanlegg vi har i vårt område. Gebyret kommunane krev inn går til å halde oppe tilbodet om tilsyn og feiing, og heng ikkje saman med kor ofte eit bygg får utført tenesta. Om feiing skulle vore utført årleg ville storleiken på beløpet vore betydeleg høgare.

Ynskjer du ta del i ny teknologi?

Vi er med i eit pilotprosjekt der vi plasserer ut ein sensor i skorsteinen din. Denne vil vere med på å avdekkje når det er behov for feiing, og registrere om ei pipebrann skulle oppstå. Om du ynskjer å vere med på å utvikle dette, ta kontakt med brannvesenet sør på feier@brannsor.no. Hugs å merke mail med namn, adresse og telefonnummer. Dette medfører ingen ekstra kostnader.

For mer informasjon se brannsor.no