Eldstad og skorstein

Informasjon om arbeid med omn og pipe

Du treng ikkje å søkje dersom

  • Du skal installere, endre, rive eller reparere ein omn.
  • Du må likevel sende melding om installering av ny omn.
  • Det vert ikkje stilt formelle krav til den som skal setje opp ein omn. Me rår likevel til at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal bygge, rive, endre eller rehabilitere pipe.
  • Dette kan du ikkje søkje om sjølv. Du må ha hjelp frå fagfolk (ansvarleg søkjar).
  • Din rolle i byggesaka er å vera tiltakshavar.
  • Prosjektering og utføring må overlatast til fagfolk som har godkjent ansvarsrett.