BranntryggleikBustadAlle bustader skal ha sløkkjeutstyr og minst ein røykvarslar i kvar etasje.VarslingDet skal vere minst éin detektor eller røykvarslar i kvar etasje, som skal dekkje kjøkken, stove, sone utanfor soverom og sone utanfor tekniske rom.Alarmen skal kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom når dørene mellom romma er lukka.Røykvarslarar bør monterast nær trapper og rømningsvegar på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå vegg.Røykvarslarane bør vere seriekopla, det vil seie at dei varslar samstundes. I nye bustader skal røykvarslarar vere kopla til straumnettet.Det er eigaren av bustaden som har ansvar for å skaffe og montere røykvarslarane.Den som brukar bustaden har ansvar for å teste, vedlikehalde og bytte batteri.Røykvarslaren bør testast kvar månad, og batteri bør byttast ein gong i året.SløkkjeutstyrAlle bustader skal ha sløkkjeutstyr.Det kan vere ein brannsløkkjingsapparat med pulver eller skum eller ein husbrannslange.Husbrannslangen må nå alle rom i bustaden.Utstyret skal vere synleg, lett tilgjengeleg og vedlikehalde.Beboarane må kunne bruke utstyret.Prøv ikkje å sløkkje ein eventuell brann dersom situasjonen opplevast som truande. Forlat heller bygningen og ring brannvesenet på nødnummer 110.Hald brannøvingar heimeGjennomfør brannøving med familien.Fordel ansvar og lag rutiner.Snakk med barna om brann og brannførebygging.Tips for å unngå brann i heimen dinSjekk at komfyr, vaskemaskin og tørketrommel er slått av.Slå av TV med av-knappen på apparatet, ikkje berre med fjernkontrollen.Sjekk at levande lys er sløkkte.Sjekk at ingen varmeomnar er tildekte.Reingjer kjøkkenvifte for brannfarleg feitt.Undersøk om det er svimerke eller sterk varmgang i sikringsskapet.Sjå etter svimerke i leidningar, stikkontaktar, kontaktar og lampar.Les meir om brannsikkerheit i bustaden din på nettsida: Trygg kvardag (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap).NæringAlle som driv verksemd i eit næringssbygg, bygard og liknande, skal setje seg inn i kva krav som blir stilt til brannsikkerheit.Borettslag og sameige blir rekna som verksemd.Alle verksemder har plikt til å jobbe systematisk med brannsikring.Les meir om kva krav som er stilt til ein brannsikker verksemd i rettleiing til forskrift om brannførebygging.Særskilt brannobjektEit særskilt brannobjekt er byggverk, område, tunellar, verksemder med meir, der brann kan føre til tap av mange liv.Dette gjeld også stader der brann kan føre til store skader på helse, miljø eller materielle verdiar.Særskilte brannobjekt har spesielle krav til organisatoriske tiltak.Vi fører faste tilsyn med desse objekta.Kommunen er pliktig å ha oversikt over alle særskilte brannobjekt. Sjå brann- og eksplosjonsvernlova § 13.