Bål og grillGenerelt bålforbod frå 15. april til 15. septemberDet er forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og anna utmark.Det er lov til å grille på stranda og på fjellet i god avstand frå skog og vegetasjon.Du kan òg grille i eigen hage fordi den blir rekna som innmark og dermed ikkje omfatta av forbodet.Totalt bålforbodOm faren for skogbrann er høg kan brannvesenet leggje ned totalforbud mot å gjere opp eld ute.Du har ikkje lov til å grille eller tenne bål verken i skog, mark eller på stranda.Grilling i eigen hage er som regel tillate, så lenge du passar godt på.MeldepliktDu må søkje om løyve for flatebrenning og sviing.Alle søknader må sendast skriftleg til brannvesenet. I kvar enkelt sak blir brannfaren vurdert i forhold til stad og årstid.Når sviinga startar, skal du i tillegg gi melding til 110-sentralen på Agder, på telefon 37 06 55 50.Tips til trygg bålbrenningVis omsyn til skogbrannfare og vindforhold.Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita.Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.Bålet må vera i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon.Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov.Ha eigna sløkkjemiddel lett tilgjengeleg.Det er forbode å brenne plast, bygningsmaterialar og anna søppel.Når du forlet bålplassen, skal bålet vera heilt sløkt.