Godkjent Spreieareal for Husdyrgjødsel
Det er berre lov til å spreia husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i forhold til dyretalet, jf. §24 i Forskrift om organisk gjødsel. Fulldyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. For å kunna spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkja kommunen om løyve.
Restriksjoner og Dispensasjoner
Det er ikkje lov å spreia husdyrgjødsel i utmark, jf. §24 andre ledd i Forskrift om organisk gjødsel, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivera opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkja kommunen om dispensasjon. Ein må då lage ein skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark.
Informasjon om Spreieareal for Husdyrgjødsel
Statsforvaltaren har utvikla ei eiga side med skjema og meir info som kan finnast på nettsida til Statsforvalteren i Agder.
Behandling av Søknaden
Søknaden blir behandla av kommunen.
Søknadsprosedyre
Søknad om å få godkjent spreieareal blir sendt til kommunen:
Epost: post@aseral.kommune.no
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral