Gjødlingsplan

Alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon og som har rett til produksjonstilskot, skal ha gjødslingsplan

Gjødslingsplan som verktøy

Gjødslingsplanen er eit verktøy for å tilpassa gjødslingsmengda til mellom anna vekst, avlingsnivå, driftsform, jordtype og klima. Gjødslingsplan er eit viktig verktøy for økonomisk og miljøvennleg tilpassing av drifta på garden.

Krav om gjødslingsplan

Alle bedrifter som rår over jordbruksland med planteproduksjon og som har rett til produksjonsstøtte, skal ha ein gjødslingsplan, jf. §2 i Forskrift om gjødslingsplanlegging

Utforming av gjødslingsplan

Forskrift om gjødslingsplanlegging set krav til utforming av gjødslingsplanen. Planen skal byggjast på:

  • Jordanalysar som ikkje er eldre enn åtte år.
  • Kart med målestokk som tydeleg viser skifteinndelinga. 

Det er bedrifta sitt ansvar å sørge for at jordprøvene blir fornya, og teikna inn skifta på kart.

Til arbeidet kan du til dømes bruka gardskartet frå NIBIO

Justering av gjødslingsplan

Merk: «Dersom vekstforholda avvik frå dei forutsetningane som var når gjødslingsplanen blei laga, skal gjødslingsplanen justerast i samsvar med behovet.», jf. §3 pkt. 7 i Forskrift om gjødslingsplanlegging. Dette tyder at bonden i slike høve må notera endringane i gjødslingsplanen sin, slik at planen er oppdatert med kva som faktisk har vore gjort i vekstsesongen.

Ytterligere informasjon og ressurser

Meir informasjon om gjødslingsplanlegging kan du finna på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meir informasjon om bruk av husdyrgjødsel i jordbruket kan du finna på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Meir informasjon om spreieareal for husdyrgjødsel med diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel kan også finnast på nettsida til Statsforvaltaren i Agder.