Fritak frå gjødselplan

Kommunen kan gje dispensasjon frå kravet om å ha gjødselplan dersom det er 5 gjødseldyreiningar (GDE) eller færre og dersom jordbruksareala blir driven svært ekstensivt

Dispensasjon for krav om gødselplan

Kommunen kan gi dispensasjon frå kravet om å ha gødselplan dersom det er 5 gødseldyreiningar (GDE) eller færre og dersom jordbruksareala blir drivne svært ekstensivt, jf. §5 i Forskrift om gødselplanlegging. Ekstensivt jordbruk er jordbruksdrift med liten innsats av arbeidskraft og kapital per flateeining slik at jorda gir lita avkasting. 

Utrekning av GDE

I utrekning av GDE blir beiting utanom spreiareal trekt frå. For dyr som berre beite i utmark, blir det rekna at dei ikkje utgjer noko GDE i forhold til kravet om gødselplan. For dyr som beitar delar av tida utanfor spreiarealet blir det gjort ei fordeling mellom fôropptak på spreiarealet (inkl. tilleggsfôring) og fôropptak utanom spreiarealet (utmark og innmarksbeite som ikkje er godkjent spreiareal) for å rekna tal GDE.

Definisjon av spreiareal

Spreiareal = fulldyrka og overflatedyrka areal. Kommunen kan i tillegg godkjenna innmarksbeite som spreiareal ved søknad.

Saksbehandling

Søknaden blir handsama av kommunen.

Søknad om fritak frå gødselplan blir send til kommunen: 
Epost: post@aseral.kommune.no 
Post: Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral