Veidekke skal saman med Å Energi stå for utbygging av Øygarden kraftverk i Åseral!

Å Energi har vedteke å byggje Øygard kraftverk, det siste av sju store vasskraftprosjekt i Åseral. Med dette fullførast eit historisk vasskraftløft til over 3,5 milliardar kroner i totale investeringar.  Leverandøravtale for til saman 1 milliard kroner vart sist veke signert. Veidekke er tildelt oppdraget med å byggje kraftstasjonen og overføringstunnel frå Langevat på Ljosland, dette utgjer den største delen av investeringa.

Prosjektet Øygard Kraftverk

Øygard kraftverk ligg ved demninga ved Åstølvegen vest for Breland  og vil produsere om lag 80 GWh kvart år, noko som svarar til energibehovet til om lag 5.000 bustader. Når Øygard kraftverk etter planen blir ferdig i 2029, vil Å Energi ha ein samla årleg produksjon i Åseral på om lag 1.400 GWh. Dette svarar til om lag fire prosent av det årlege forbruket i Sør-Noreg (NO2).

Siste i rekken av sju kraftanlegg

Øygard kraftverk er det siste av sju større vasskraftanlegg som Å Energi har bygd i Åseral dei siste ti åra. Dei samla investeringane i anlegga er på over 3,5 milliardar kroner.

Veidekke sin rolle

Veidekkes oppdrag inneheld mellom anna bygging av ein kraftstasjon ved Nåvatn og ein 6,6 kilometer lang overføringstunnel med 1,3 kilometer hjelpetunneler (svingearrangement, bypasstunnel, adkomsttunneler og tilløpstunnel). I tilknyting til kraftverket kjem også sandfang og trykkleidningar, lukesjakter og diverse luker, portar og proppar. Veidekke skal i tillegg utvikle ein tomt for eit utandørs 132 kV koplingsanlegg ved kraftstasjonen.
Dei fysiske arbeida startar opp i slutten av april med planlagt overlevering sommaren 2029. Les meir om prosjektet her.

Lokale ringverknader

Arbeidet med Øygard kraftverk gir både kraftproduksjon, skapar aktivitet lokalt og får difor ei rekke ringverknader. Åseral kommune ynskjer anleggsarbeidare, Å Energi og alle andre som skal arbeide med prosjektet - lukke til med arbeidet.