Vaksinering hausten 2025

Det vert som vanleg tilbod om vaksinering mot influensa, korona og pneumokokksjukdom til risikogruppene og helsepersonell denne hausten.

Ulike vaksiner

Influensavaksine er tilrådd for alle over 65 år og personar som er i risikogruppene på grunn av sjukdom, sjå lenke Influensavaksine – handbok for befolkningen - FHI

Koronavaksine er tilrådd for alle over 75 år, personar i omsorgsbolig og sjukeheim og andre som høyrer til risikogruppene, sjå lenke Koronavaksine – handbok for befolkningen - FHI

Pneumokokkvaksine er tilrådd for alle som er 65 år eller eldre og andre i risikogruppene, sjå lenke Pneumokokkvaksine – handbok for befolkningen - FHI 
Året du fyller 65 år får du tilbod gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet.

Vaksinering på Helsehuset:

  • Onsdag 22. Oktober 9-15
  • Onsdag 5. November 9-15

Det er ikkje naudsynt å tinge time.

Vaksinering på Open dag, Åseralsheimen:

Tysdag 28. Oktober 11.30-12.30

Prisliste for personar i risikogruppene:

Desse prisane er sette av Folkehelseinstituttet og er uavhengige av om du har frikort eller ikkje.
Influensa kr. 300,-
Korona kr. 85,- dersom ein set den samstundes med andre vaksiner, kr. 110,- dersom den blir set aleine.

Pneumokokkvaksine for dei som fyller 65 år i 2025 kr. 85,- dersom ein set den samstundes med andre vaksiner, kr. 110,- dersom den blir set aleine.

Dersom du har spørsmål ang. vaksinering, ring legekontoret tlf. 38 28 59 00.