Test av naudvarsel

Onsdag 14. januar klokka 12 blir det testa Naudvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve. 

Om testen

Det er politiet som sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøva den 14. januar blir gjort over heile landet, rundt kl. 12. Det tyder at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ylar.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Dette skjer når Naudvarsel blir testa

  • Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 14. januar 2026
  • Når du mottar testen vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneliknande lyd i omtrent 10 sekund.
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
  • Varslet kan "dras" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - éin norsk og éin engelsk. Om du får ein eller begge språk avheng av innstillingane på telefonen.

Les meir på naudvarsel.no