Om testen
Det er politiet som sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med
signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøva den 11. juni gjerast over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile
landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane ylar.
Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit
at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og apparat som
befinner seg i Noreg og som er kopla på 4G/5G kan motta testen.
På nodvarsel.no finst meir informasjon om kva apparat som kan motta Naudvarsel.
Dersom du ikkje ynskjer å motta testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid
før og etter klokka 12 den 11. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.
Kvifor teste?
Naudvarsel på mobil testast til heile befolkninga både for å gje befolkninga kjent med korleis det
opplevast å få eit Naudvarsel og for å sikre at systemet fungerar som det skal.
I ein reell situasjon inneheld eit naudvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å
verne deg sjølv.
Test av tyfonane gjerast for å avdekke tekniske feil og for å gje befolkninga kjent med lyden og
signalet.
Signalet som testast under varslingsprøvene heiter "Viktig melding – søk informasjon" og består av tre
serier med tutande med eitt minutts opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet betyr det i
praksis at du skal søke informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg
blir gitt gjennom ulike media, til dømes radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medium.
På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanleggane