Stemme heime eller på Åseralsheimen?

Veljarar som er sjuk eller rørslehemma og ikkje er i stand til å oppsøke ordinært vallokale, kan stemme heime. Ring sentralbordet (tlf. 38 28 58 00) eller send ein epost til post@aseral.kommune.no for å avtale tidspunkt. Siste frist for å be om heimestemming er torsdag 4. september kl. 12.00.

Tysdag 2. september kl. 12:00 - 13:00 er det mogleg å førehandsstemme på Åseralsheimen.

Førehandsstemminga på rådhuset held fram kvar dag denne veka, kl. 07:30 - 15:00. Siste dag er fredag 5. september.