Snøskredvarsel for region Heiane (inkl. Åseral) måndag 30.03.2026

Etter nysnø i fjellet blir det no varsla om fleire skred som har gått i heiane kring Åseral. Vi ber difor skituristar om å vere varsome og unngå skredfarleg terreng.

OPPDATERT MÅNDAG MORGON på grunn av endra værprognosar:

Faren aukar til faregrad 3-betydeleg utover dagen når vinden tek seg opp.

Det ventast ein del nysnø i regionen. Der vinden blir sterk nok til å flytte snø vil det bli ustabile flak i leområde. Her er det lett å løyse ut snøskred, og det kan heller ikkje utelukkast at enkelte skred kan løyse av seg sjølv.

Dersom snøen sprekker opp rundt deg, eller du observerar ferske skred, er dette tydelege teikn på at nysnøen har bunde seg til flak og at snøskred kan løyse ut.

Skavlar som har danna seg dei siste dagane er framleis svake og kan knekke lett. Hald god avstand til alle skavlar. I låglandet der nedbøren kjem som regn er det lite eller ingen snø.

Du kan lese meir om skredfaren på  Varsom.no

Bilete av farevarsel 3 - Klikk for stort bilete Skjermdump