SMS om vassmålaravlesing er sendt ut

Kvifor er det viktig å lese av vassmålaren?

Avlesinga gir grunnlag for rett berekning av vassforbruk. Utan avlesing må kommunen berekne forbruket basert på tidlegare år, noko som kan gje unøyaktig faktura.

Frist for avlesing

31. desember 2025

Kva må du gjere?

•    Svar på sms med målarstand.
•    Har du problem med registreringa? Send e-post til vannmaler@aseral.kommune.no eller kontakt kommunens sentralbord – ha målarnummer og målarstand klar.
•    Les korleis du les av vassmålar her: Vassmålar - Åseral kommune

Har du ikkje fått SMS?

Dei vi ikkje har registrert mobilnummer til vil få tilsendt eit kort med informasjon i posten i løpet av veka.

Er SMS-en trygg?

Ja, SMS-en er sendt frå kommunen via lesav.no, som er ei sikker og godkjend løysing.