Frist for avlesing
31. desember 2025. NB! Ny SMS vil bli sendt ut før jol til dei som ikkje har svart.
Kva må du gjere?
• Svar på sms med målarstand.
• Har du problem med registreringa? Send e-post til vannmaler@aseral.kommune.no eller kontakt kommunens sentralbord – ha målarnummer og målarstand klar.
• Les korleis du les av vassmålar her: Vassmålar - Åseral kommune
Har du ikkje fått SMS?
Dei vi ikkje har registrert mobilnummer til vil få tilsendt eit kort med informasjon i posten i løpet av veka.
Er SMS-en trygg?
Ja, SMS-en er sendt frå kommunen via lesav.no, som er ei sikker og godkjend løysing.
Les meir om vassmålaravlesing her!