Smittevern ved handtering av daude fuglar
Dersom du finn sjuke eller daude fuglar, bør du la dei vere i fred. Dersom du sjølv ønskjer å fjerne daude fuglar, er det viktig med god smittevern. Bruk alltid engangshanskar og munnbind, og vask hendene grundig med såpe og vatn etterpå.
Overvakning og varsel om fugleinfluensa
Fugleinfluensa blir jamleg påvist hos ville fuglar fleire stader i Noreg gjennom året. Mattilsynet følgjer situasjonen nøye. Det er viktig å varsle Mattilsynet dersom ein oppdagar daude eller sjuke fuglar, og ein mistenkjer fugleinfluensa. Mattilsynet vil vurdere om vi skal ta prøver av fuglen.
Handtering av fuglar og fugleinfluensa i fangenskap
Daude fuglar kan ikkje kastast i restavfallet i område med kjend eller mistenkt fugleinfluensasmitte. Meir informasjon om dette finn du her: Spørsmål og svar om fugleinfluensa | Mattilsynet
Alle som har fjørfe og fuglar i fangenskap må ta utgangspunkt i at ville fuglar kan bringe med seg smitte av fugleinfluensa. Godt smittevern er svært viktig.
Dere finn meir informasjon på Mattilsynet sine nettsider:
Fugleinfluensa | Mattilsynet
Oppdateringar og råd om smittevern
Veterinærinstituttet har ei oversikt over analyserte prøver som vert oppdatert jamt. Eventuelle nye påvisingar finn de informasjon om her:
Fugleinfluensa hos villfugl i Noreg (vetinst.no)
Ved innsamling av kadaver vil vi minne om viktigheten av å beskytte seg sjølv mot smitte. Sjå meir informasjon hos FHI:
Råd for å førebyggje smitte av fugleinfluensa til menneske - FHI
Ta i kontakt om de har spørsmål. Det er mykje informasjon om fugleinfluensa og handtering av dette på Mattilsynet si heimeside www.mattilsynet.no.