Nytt sentrumsbygg i Åseral – tre arkitektforslag blir presenterte

Åseral kommune har vedteke å etablere eit nytt sentrumsbygg på ei sentral tomt i Kyrkjebygda. Bygget skal vere eit kombinasjonsprosjekt med næringsareal, leilegheiter og omsorgsbustader, og vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av eit levande og inkluderande sentrum.

Blir presentert 16. desember

Målet er å skape eit bygg som bidreg til meir næringsverksemd, gode møteplassar og bustader med livsløpsstandard – eit sentrum for framtida.

Tre arkitektkontor har fått i oppdrag å utarbeide kvar sitt forslag til korleis bygget kan sjå ut og fungere. Desse forslaga blir presenterte på rådhuset tysdag 16. desember.

Møtet vil vere ope for alle interesserte. Det vil òg vere mogleg å følgje møtet digitalt.

Tidspunkt: 16. desember frå 09:30-13:30 

Stad: Rådhuset i Åseral og kommune-TV

Dronefoto av sentrumstomta i Austrud - Klikk for stort bileteSentrumstomta i Austrud sett frå lufta Tonje Kallhovd