Momsreduksjon på vatn og avløp – gebyret ditt blir lågare frå 1. juli!
Frå og med 1. juli 2025 blir det litt billegare å få levert vatn og avlaup. Meirverdiavgifta (mva) på desse tenestene blir redusert frå 25 % til 15 %. Dette betyr at du vil betale litt mindre i gebyr for vatn- og avlaupstenester framover.
Når vil du merke endringa?
I Åseral kommune blir vatn- og avlaupstenester fakturerte på to ulike måtar: - Halvårleg faktura: Den reduserte mva gjeld frå fakturaen for andre termin, som dekkjer månadane juli til og med desember. - Månadleg faktura: Endringa gjeld frå og med juli-fakturaen.
Kvifor blir mva redusert?
Dette er ein del av regjeringa si satsing for å lette på kostnadene for hushalda i ei tid med høg prisvekst og pressa økonomi. Ved å redusere mva-satsen på ei grunnleggjande teneste som vatn og avlaup, ynskjer styresmaktene å gi ei direkte økonomisk letting til innbyggjarane.
Vil du vite meir?
Du kan lese meir om endringa på regjeringen.no.