Kommunalt utdanningsstipend 2025/2026Åseral kommune gir stipend til utdanning etter grunnskulen til elevar som følgjer ordinært opplegg i vidaregåande skule (også lærlingar), samt studiar på høgskule/universitet til og med det året søkjar fyller 25 år. Regler for stipendStipend vert gjeve etter det reglement og dei satsar kommunestyret til ei kvar tid bestemmer. Kvar søkjar kan få stipend for 3 år. Alle søkjarar må vera folkeregistrert og ha heimebustad i Åseral. Innsending av søknaderSøknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret, og 25. juni for vårhalvåret. Halve summen kan utbetalast etter kvart semester. Skulen/lærestad må då attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført. Enten kopi av vitnemål, eller eit eige skriv som stadfestar dette. Husk stempel. Ytterligere krav for bortebuararBortebuarar må i tillegg til søknaden legge ved dokumenterte leigeutgifter, f.eks. husleigekontrakt eller kvittering for betalt husleige. Krav om dokumentasjon ved skuleårets sluttVed skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid. Då blir siste halvår utbetalt. Kontaktinformasjon og søknadsskjemaSøknadsskjema og utfyllande reglar finn du her!