Kommunal brøyting av private vegar

Kommunen kan etter søknad rydde snø på private vegar til bustadhus med fast busetnad, jamfør tilskotsreglement for bustadbygging, snørydding, vatn og avløp  (PDF, 525 kB)

Vi er merksame på at dersom einingsleiar for drift og vedlikehald godkjenner vegen til brøyting, må du betale ei avgift til kommunen. Årsavgift for 2025 er som vist nedanfor, men blir indeksregulert for 2026:

  • Årsavgift for veglengde mindre enn 75 meter kr. 6.593,- inkl. mva. (i spesielle høve)
  • Årsavgift for veglengde 75 – 150 meter kr. 7.780,- inkl. mva.
  • Årsavgift for veglengde 150 – 350 meter kr. 10.566,- inkl. mva.
  • Årsavgift for veglengde større enn 350 meter blir handsama i kvart einskild tilfelle 


Veglengda for å få kommunal brøyting er sett til 75 meter og at einingsleiar for drift og vedlikehald berre gjer avvik dersom særlege høve føreligg, slik som sjukdom, uføre etc.
Vi godtek også at kommunen ikkje har ansvar for skader og ulemper som brøytinga måtte føre 
med seg.
Søknaden må vere mottatt av Åseral kommune seinast innan 31.10.2025

Søknadsskjema finn du her!