Du visste det kanskje ikkje, men å klyppe hekken er ei lovpålagt oppgåve. Å sørgje for fri sikt er så viktig at ansvarsforholdet er nedfelt i Veglova (§31 og §43). Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekker og buskar på eigedomen din, slik at vegetasjon ikkje skapar trafikkfarlege situasjonar. Det skal vere god sikt ved vegkross og ved avkøyringar.
Høge buskar ved avkøyringar, eller store greiner som heng ut i vegkross, kan gjere trafikkbildet svært uoversiktleg, og skape trafikkfarlege situasjonar for bilistar, syklistar og gåande. Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon langs vegen.
Reglar for sikt ved avkøyringar
Reglane er klare: Når du står tre meter inn i avkøyringa di skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hege og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyringa. Om avkøyringa munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vere fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyringa di, ifølgje Statens vegvesen. Dette finn du også i ei brosjyre om temaet som ligg ute på SVVs nettsider: Klipp hegane og buskane | Statens vegvesen. Mange er nok ikkje klar over dette, sjølv om det gjeld mange stader i vårt distrikt.
Trygg skuleveg
Trygg Trafikk ønskjer at flest mogleg skal kunne gå eller sykle til skulen - der det er mogleg. Da må vi legge til rette for at det kan skje på ein trygg måte. Å klippe hega er eit enkelt tiltak. Barn må vere synlege langs alle vegar, og det er vårt felles ansvar.
Betydinga av å klippe hegene
Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store heger og buskar. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppfordrar difor alle til å ta ansvar og klippe hegene sine, og dermed bidra til ein tryggare og oversiktleg skuleveg for barna våre, og alle som ferdast i trafikken.

