Jul er ei høgtid med tradisjonar og forventningar, og vi ønskjer at ho skal vere berre god. Men nettopp det gjer det vanskeleg om det ikkje blir som vi håpar og trur. Mange kjenner på saknet etter dei vi har mista, og ein kan kjenne seg einsam om ein er åleine eller saman med andre, for ofte er det saman med dei næraste at ein er mest sårbar. Temaet var oppe på P2 ein dag, og der vart eg minna om at ein ikkje kan forandre andre, men ein kan gjere noko med seg sjølv og sine forventningar – og glansbileta vi ofte postar viser sjeldan heile biletet.
Det er nok barna som gler seg aller mest til jula. Eg håpar dei får nokre fine fridagar – med rom for både leik og at dei kan kjede seg litt :) Åseral er ein Av-og-til-kommune, og rådet er maks to glas alkohol når ein feirar saman med barn.
Adventstida har vore fin i Åseral, med julegateopning, jul på Minne og aktivitetar i hytteområda våre. Det har vore juleavslutningar og tilstellingar i kyrkja, i menighetane, på skulen, for oss politikarar, tilsette og i bedriftene. Mye god mat er levert lokalt – det er flott.
Ein stor takk til alle offentleg tilsette, frivillige, næringslivet, landbruket og alle som gjer Åseral til ei flott bygd å bu og leve i – og ein særleg stor takk til dykk som jobbar i jula.
Takk også til alle folkevalde som samarbeider godt på tvers av parti til det beste for kommunen vår og bidrog til at vi landa eit einstemmig budsjett. I ei tid med mykje uro i verda og der delen demokratiske land er synkande, set ein ekstra pris på at lokaldemokratiet fungerer.
Eg håpar alle får gode dagar i jula, og at det kan kome litt snø slik at både store og små kan kome seg ut for å leike eller gå på ski innimellom mykje god mat og søtsaker.
Med ønskje om ei fin jul og eit godt nytt år!
Ordførar Inger Lise