Invitasjon til idéverkstad om sentrumsbygg i Kyrkjebygd

Er du næringsdrivande, grunderspire eller berre engasjert i utviklinga av Åseral? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Sentrumsbygget i Kyrkjebygd er eit nøkkelbygg for utviklinga i Åseral. Vi byggjer for framtida – med omsorgsbustader, leilegheiter, møteplassar og lokale for næring. Dette gir oss mange moglegheiter til å skape eit levande sentrum og leggje til rette for nye måtar å drive næring på.

No spør vi:

  • Korleis kan vi skape eit miljø som gjer det attraktivt for både etablerte aktørar og nye gründerar å utvikle næring her?
  • Korleis kan vi utforme lokala slik at dei fremjar sosiale møteplassar, samarbeid og fellesskap mellom gründerar og ulike næringsaktørar?
     

Tre arkitektfirma har fått utfordringa med å kome med løysingsforslag. No ønskjer vi innspel frå lokale næringsdrivande for å bidra til vidare planlegging.

Di stemme er viktig. Difor inviterer vi til verkstad:
Tid: Måndag 10. november kl. 18:00
Stad: Rådhuset
Påmelding innan fredag 7. november til: linn.oysed.gyland@aseral.kommune.no

Velkomen til dialog og idéutveksling!