Informasjonsmøte om sentrumstomta i Kyrkjebygd

Åseral kommune inviterer innbyggarar, næringsliv, gründerar og utbyggarar til informasjonsmøte vedkomande den komande utviklinga av sentrumstomta i Kyrkjebygd.

Tid og stad

Måndag 16.06.2025 kl. 17:30-19:00 i Gamle Gymsal (fleirbrukshuset)

  • 17:30 Velkomen ved ordførar. Korleis Åseral kommune ynskjer å utvikle sentrumstomta – dei store linene
  • 17:40 Kommuneadministrasjonen informerer om kunnskapsgrunnlaget og den vidare prosessen for å få gjennomført utviklinga av tomta
  • 18:05 Husbanken informerer om deira ordningar som er relevante både for dette prosjektet og generelt
  • 18:30 Driv Agder informerer om korleis dei kan bidra i dette prosjektet med fokus på næringsutvikling
  • 18:45 Spørsmål frå salen

 

Det vil vere mogleg å slå av ein prat med dei som har vore på scenen etterpå.

Enkel bevertning.

 

Vi i Åseral kommune ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne!

Inger Lise Lund Stulien/Ordførar
Kåre Einar Larsen/Kommunedirektør

Sentrumstomta i Austrud - Klikk for stort bilete Odd Helge Liestøl