25. september er datoen då elgjakta byrjar. Ein merkedag for jegarar og ei tid framover med mykje aktivitet i skogen. Me vil difor nytte høve til å minne folk om ha på seg godt synleg tøy om du vil gå ein tur i skogen.
Felte elg og hjort i Åseral
Det er lang tradisjon for elgjakt i Åseral. Dei siste åra har og hjorten komme inn i kommunen og er no og ein del av ressursane som blir teke ut gjennom jakta. I fjor vart det felt 50 elg og 24 hjort i Åseral fordelt på 31 jaktlag. Antall felte elg er betydeleg mindre no enn det var for nokre år tilbake. I 1997 vart det felt heile 166 elg i Åseral!
Jakttider