Hjelp til å stopp utbreiinga av landøyda
Landøyda har spreidd seg til Åseral kommune
Landøyda er ein svært spreiingsdyktig art som er giftig for hest og storfe. Landøyda kan vere dødleg for storfe og hest. Kvar plante produserer omlag 2000 frø som spreier seg med vinden. Landøyda blømer i juli august. Ho bør fjernast før ho set frø.
Landøyda veks ofte i vegkantar og i beitemark
Vi oppmodar alle til å fjerne landøyda om du observerer den. Planten bør fjernast med rot – og brennast, eventuelt legg den i gjennomsiktig søppelsekk og lever den inn som restavfall på Torsland avfallsplass.
Det er fint om de melder inn til kommunen på e-post Georg.smedsland@aseralkommune.no om de observerer planten slik at vi får oversikt over utbreiinga så langt.
Praktisk gjennomføring
• Ved luking skal det brukast handskar fordi planten er giftig.
• Landøyda må trekkast opp med rota. Om de berre klippast veks dei opp på ny.
• Plantene brennes eller leverast som restavfall før dei rekk å utvikle frø.
Les meir om Landøyda :
Landøyda
Bekjemp landøyda! | Norsk Landbruksrådgiving