Har du lasta ned innbyggarappen til Åseral kommune?Kommune-appen er ein viktig informasjonskanal i krise- og beredskapssituasjonar, men og i kvardagen for å følgje med på kva som skjer. Alle som har installert appen får viktige meldingar som kommunen sender ut, samt kan følgje med om det som rørar seg. Vi tilrår difor å ha på varslar. Huker du av for interessekategorier og målgrupper kan du styre kva anna informasjon du ønsker varsel på.Slik lastar du ned appen:Gå inn på App-store eller Google play Søk opp «Innbygger iSør» og trykk last ned Vel Åseral kommune Vel målgruppe du identifiserer deg med Søke jobb i Åseral kommuneInnbyggjar i ÅseralHytteeigar BortelidHytteeigar EikerapenHytteeigar LjoslandVel interesser Nytt frå kommunenKultur og fritidTuristHytteeigarHuk av for at du ønsker varslar No er du ferdig og kan gjere deg kjent i menyane våre Viktig informasjonskanal i kriserKommune-appen er ein viktig informasjonskanal i krise- og beredskapssituasjonar. Alle som har installert appen får viktige meldingar som kommunen sender ut. Vi tilrår difor å ha på varslar. Huker du av for interessekategorier og målgrupper kan du styre kva anna informasjon du ønsker varsel på. Eige funksjonalitet ved bortfall av ekom (elektronisk kommunikasjon som nett og telefoni)Dersom nettet skulle gå ned vil du få opp ein eige beredskapsmodus som gjer at du kan sjå naudsynte beredskapsmeldingar “offline”. Felles app for 6 kommunarAppen er ei felles anskaffing i det interkommunale IKT-samarbeidet DDV. Alle kommunane i IKT-samarbeidet har utvikla sitt eige innhald, det vil difor vere noko variasjon i korleis appen ser ut for den einskilde kommune. Skjermdump