Det er ei eiga utstilling på rådhuset denne veka
Odd Helge Liestøl
Ein verden i endring
Vi lever i ein stadig meir uroleg verden - mellom anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudd på at ekstremver, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råke oss.
Er du førebudd?
Korleis vil du og dine næraste klare dykk om straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du om vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? Straumbrot kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som vanleg. Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar.
Styrk din eigenberedskap!
God eigenberedskap er ein investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. I tillegg bidrar du til at styresmaktene kan prioritere dei som trenger mest hjelp. Ved å vere førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegen vidare om krisa skulle bli langvarig. Husk at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!
Eigenberedskap for ei veke
I sjekklista for din eigenberedskap finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom dine behov, og vurdere kva løysingar som er mogleg der du bur. Husk at familie, vener og naboar kan samarbeide om eigenberedskap. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Her kan du lese meir om eigenberedskapen