Ei løysing for energieffektivisering i heimen

Det blir viktigare og viktigare å ha ein energieffektiv bustad, men det kan vere vanskeleg å vite kva energitiltak som passar for sin bustad. 

Gadder: Ei løysing for energieffektivisering i heimen

Gadder gjer det enklare og meir lønsamt å gjere energitiltak, ved å finne fram til energitiltaka som passar best for kvar spesifikke bustad. Her blir det automatisk estimert kor mykje energitiltaka kan koste, kva du kan få i Enova-støtte, og kor mykje du vil tene på investeringa. I tillegg får du automatisk tilbod frå trygge leverandørar som kan utføre arbeidet, og bankar som kan bidra med gunstig finansiering. Gadder har også eit nettverk av dyktige energirådgjevarar som kan tilby rådgjeving knytt til energitiltak.

Gratistilbod i Åseral kommune gjennom Agder Fylkeskommune

Gjennom Agder Fylkeskommune kan Åseral kommune no tilgjengeleggjere Gadder, heilt gratis, til alle sine innbyggjarar. Innbyggjarar kan finne verktøyet på kommunen si nettside.

Mot ein grøn og lønsam heim

Gadder er heilt upartisk, og set seg i brukaren sin stol for å finne dei mest lønsame energitiltaka for kvart behov. Selskap som Å Strøm, Multiconsult og Boligmappa har vore involvert i utviklinga av Gadder, og forslaga frå Gadder er basert på eit enormt datagrunnlag som innbyggjarar kan stole på. Ein kan både velje få automatiske forslag til energitiltak frå Gadder, men også velje ut energitiltak sjølv for å sjå kva fortjeneste desse vil gi.

Lenke til Gadder