Bedriftsbesøk til FH Bygg & Eiendom AS

FH Bygg & Eiendom AS vart starta opp i 2016 og har ti års jubileum i år, men dei er jordnære og har større fokus på dagleg drift enn på å feire! 

I dag har dei 11 tilsette, der tre er lærlingar. Å satse på lærlingar er eit bevisst val. Den største usikkerheita i drifta er tilgang på arbeidskraft, og bedrifta er difor alltid på utkikk etter gode folk. Dei rosar den lokale yrkesmessa og merkar seg særleg ungdom som viser interesse. Det blir også gitt moglegheit for å prøve seg i praksis.

Lengda på læretida og utdanningsløp varierer, avhengig av om ein har skulebakgrunn og/eller relevant praksis. FH Bygg har eit godt samarbeid med opplæringskontoret i Mandal.

God arbeidsmoral er viktig, og det blir stilt klare forventningar frå dag ein. Mobiltelefon blir berre brukt i pausar, ein skal vere aktiv og sjå etter arbeidsoppgåver, og ikkje bli ståande utan å gjere noko. FH Bygg peikar på kor viktig opplæring i bedrift er, og meiner at det er i praktisk arbeid ein lærer mest. 

I 2018 bygde FH Bygg eigne lokale på Toddemonen. Bygget delar dei med Thorsland Elektro, som dei har eit godt samarbeid med. Bedrifta samarbeider også med fleire andre lokale verksemder. Tilskot har vore viktige for etableringa på Monen. 

Dei siste åra har det vore sterk prisstigning, og kostnadene har auka betydeleg. Dette har påverka drifta, men bedrifta held framleis eit godt aktivitetsnivå. Omsetninga i 2025 var på rundt 30 millionar. 

Det har vore noko mindre aktivitet innan bygging av nye hytter, men dette er kompensert med lokal bustadbygging. I 2025 bygg FH Bygg mellom fem og seks einebustander, i tillegg til arbeid med sentrumsbygg på Bortelid og tilbygg, ombygging og vedlikehald av eksisterande hytter. 

FH Bygg si satsing på mindre bustander og leilegheiter er viktige for utviklinga av sentrum. Dette bidreg til eit fungerande bustadmarknad der ungdom får moglegheit til å kjøpe sin første bustad. 

Bedrifta sponsar lokale lag og foreiningar. Nokre Google-kampanjar blir nytta, men den beste marknadsføringa er å levere godt arbeid og ha nøgde kundar. 

Formannskapet og rådgjevar for næring og reiseliv Hennie Engedal Lindøe takkar dagleg leiar Ole Tom Honnemyr og prosjektleiar Fredrik Åsland for eit interessant møte, og for alt det positive FH - Bygg og Eiendom AS bidreg til i kommunen vår! 

Fra venstre Ole Tom Honnemyr, Fredrik Åsland, Inger Lise Lund Stulien, Inger Lise Austrud, Bjarne Haugstad, Knut Sveinung Forgard og Oddmund Ljosland. Hennie Engedal Lindøe