Bedriftsbesøk til Fasseland Mekaniske as - ei veldriven bedrift med mange arbeidsplassar og høg kompetanse

Bedrifta vart starta i 1982 og har i dag heile 18 tilsette og ei imponerande omsetning på ca 60 mill. I tillegg til Johan Fasseland  har Reidar Eikild vore sentral i drifta heilt frå starten. Kjernen er ein stabil gjeng, her er det både lokale arbeidarar og arbeidarar frå ulike nasjonar, der fleire har slått seg ned i bygda.  Johan poengterar at dei alltid er på jakt etter dyktige arbeidsfolk. 
 

Sikkerhet og effektivitet i fokus

Firmaet set sikkerheit høgt på dagsorden, men peikar på at dagens HMS, kontroll og skjemaveld ikkje alltid er treffsikkert og tek meir og meir tid.

Spesialiserte leveranser til kraftbransjen

Firmaet har spesialisert seg på leveransar til kraftbransjen, som luker og grinder. Dei har teke patent på grindelement med varme.  Statkraft, Ringerike Kraft og ikkje minst Å Energi er store og viktige kundar.

Sammarbeid med lokale bedrifter

Legg stor vekt på å bruke og samarbeide med andre lokale bedrifter og er heile tiden ute etter å utvikle bedrifta. Eit samstemt formannskap er imponert over bedrifta og aktiviteten og takkar for at vi fekk komme på besøk. 

Bilete av formannskapet saman med leiar - Klikk for stort bileteFra venstre Jeanette Fredly Fasseland, Johan Arnt Fasseland, Inger Lise Lund Stulien, Jan Stangvik, Bjarne Haugstad og Tore Forgard Foto: Inger Lise Austrud