Ta i bruk innbyggarapplikasjonen!
Årsaka til at vår gjeldande Facebook-side vil bli nedlagd, er at kommunen har sett i drift ein innovativ innbyggarapplikasjon, ein plattform der innbyggjarane kan abonnere på og motta relevant informasjon. I tillegg til dei fordelane som denne appen gir, har det vore utfordringar knytt til informasjonssikkerheit og personvern på Facebook.
Appen, "Innbyggjar iSør", er utforma for å tilby ein meir brukarvennleg og sikker oppleving for innbyggjarane. I forkant av nedlegginga av Facebook-sida, vil det bli publisert mindre og mindre innhald på denne plattforma.
Vi oppmodar alle innbyggjarane til å laste ned og byrje å bruke "Innbyggjar iSør" som den primære kjelda til kommunen sin kommunikasjon på mobiltelefonen. La oss saman jobbe mot ein meir sikker og effektiv måte å dele og motta informasjon på.
Du kan lese meir om innbyggarappen her!