Vasskraft

Åseral kommune er ein vasskraftkommune. Du finn fleire damanlegg og kraftverk av ulike storleikar plassert rundt i kommunen.  Til saman blir det årleg produsert om lag 1200 GWh i Åseral.

Skjerka kraftverk

Dette er det største kraftverket i Åseral. Arbeidet på Skjerka byrja allereie i 1930. I 1932 var dei fyrste aggregata klare for drift. I 1994 byrja bygginga av det nye kraftverket som vart sett i drift 1997. I 2018 vart to nye steinfyllingsdammar ved Skjerkevatn fullførte, dam Heddersvika og dam Skjerkevatn. Desse erstatta fem gamle betongdammar. Dei nye dammane gjorde at vasslinja i det opphavlege Skjerkevatn vart heva med 23 meter, slik at Skjerkevatn og tidlegare Nåvatn no ser ut som eit magasin. Gjennomsnittleg årsproduksjon er i dag 699 GWh. Steinfyllingsdammane er eit flott syn og Agder Energi vart tildelt heidersprisen “Damkrona 2018” for utmerka byggeskikk. I tillegg er vegen opp til dammen ei oppleving i seg sjølv. Frå Kyrkjebygda køyrer du sørover FV455. Ta til høgre mot Eikerapen og inn på Eikerapsvegen. Følg vegen over brua og vidare til du kjem til eit stort rosa bygg på høgre side.  

Bilete av damanlegget på Skjerka - Klikk for stort bilete

Håverstad kraftverk

Åseral sitt sørlegaste vasskraftverk. Arbeidet med Håverstad kraftverk starta opp i 1953. Våren 1957 blei det første aggregatet sett i drift. Gjennomsnittlege årproduksjon er 282 GWh. Håverstad kraftstasjon ligg omtrent 300 meter inne i fjellet på Håverstad. For å komme hit køyrer du eit stykke forbi Kylland og tar til høgre der det er skilta med Håverstad. Køyr over brua og følg vegen omtrent 1 km før du svinger til høgre igjen.

Håvorstad kraftverk sett frå lufta - Klikk for stort bilete

Logna kraftverk

Kraftstasjonen er den minste i Mandalsvassdraget. Arbeidet med kraftverket starta i 1958 og i 1961 vart stasjon sett i drift. Logna kraftstasjon har ein gjennomsnittleg årproduksjon på 105 GWh. For å kome hit køyrer du nord frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Omlag ein kilometer etter Lognavatn, i nord-enden av Svartevatn, følger du fyrste veg til høgre til endes. 

Bilete av Logna kraftverk - Klikk for stort bilete

Smeland kraftverk

Smeland kraftverk får vatnet sitt frå Lognavatn. Arbeidet med Smeland kraftverk byrja i 1982, og i 1985 vart kraftstasjonen sett i drift. Stasjonen ligg 200 meter inne i fjellet, og blir styrt frå kontrollsenteret på Brokke. Store deler av året blir aggregatet i stasjonen berre køyrt om dagen. Gjennomsnittlege årleg produksjon er 119 GWh. Køyr nordover frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Etter knappe 7 kilometer vil du sjå kraftverket på venstre side av vegen. 

Bilete av Smeland kraftverk - Klikk for stort bilete

Konsesjonskraft

Det vert skapt store verdiar gjennom regulering av vassdrag og utbygging av kraftanlegg. Fordi lokale naturressursar vert nytta, har lokalsamfunnet rett til ein del av desse verdiane. Dette skjer mellom anna gjennom ordninga med konsesjonskraft.

konsesjonskraft.no finn ein nyttig informasjon om konsesjonskraftordninga, månadsrapportar, årsmeldingar og møtedokument. Kvar kommune har si eiga informasjonsside med info om kommunen og nøkkeltal i konsesjonskraftsamanheng. Her finn du òg eit digitalt kart som syner kraftverk, magasin og vassdrag knytta til kommunane. 

Kart Konsesjonskraft - Klikk for stort bilete