Dagsturhytta Tippin ligg luftig og eksponert til like nord for Kyrkjebygda. Frå hytta er det flott utsikt over bygda og Øre. Frå parkeringsplassen ved Åseral idrettspark tek turen rundt 1 time tur/retur. På vegen oppover lia til dagsturhytta er det lagt inn ein del overraskingar for dei som har auga med seg og ser godt etter.
Tippin er et dagsturmål der du kan ta ein pause, ete matpakka, treffe andre, oppleve naturen omkring, gå innomhus for å få varmen på kalde haustdagar og kanskje bla i ei bok? Hytta er 25 m2 stor og har både bibliotek og vedomn. Her kan du finne bøker om både natur, lokal historie, eventyr og mykje anna. Bøkene er meint å skulle lesast når du er på hytta og kan ikkje lånast med heim. Ta med eigen ved dersom du vil fyre. Dagsturhytta har solcelleanlegg slik at du har lys tilgjengeleg om det skulle bli mørkt ute. Hytta er berre meint for dagsbesøk, så har du lyst til å overnatte må det eventuelt gjerast i ei hengekøye eller liknande i nærleiken.
Turbiblioteket er et samarbeid mellom Agder fylkesbibliotek og folkebiblioteket i Åseral kommune.
Her kan du sjå kva Marits turblogg meiner om turen opp til Tippin