Ljosland Fjellhage er ein publikumshage for alle fjellplantene i Noreg. Fjellhagen ligg i ein halvsirkel mellom fjellstova og elva. Gjennom heile området går ein fint opparbeida veg der dei økologiske plantesamlingane er plassert. Plantene i Ljosland Fjellhage har si hovudutbreiing på snaufjellet i Agder, men og andre norske fjellplantane som ikkje veks i Agder er med, inkludert nokre planter frå Svalbard. Fjellhagen er alltid open, det er greitt tilgjengeleg for rullestolbrukarar og gratis, velkomen! Som namnet tilseier ligg fjellhagen på Ljosland, 22 km frå Kyrkjebygd.