Overnatting

Åseral kommune har fleire stader for overnatting.

Eikerapen Gjestegard

Eikerapen Gjestegard ligg i Eikerapen med flott utsikt over Øre. I tillegg til enkelt- eller dobbeltrom har hotellet eigne familierom. På hotellet kan du nyte ein betre middag eller få gode opplevingar i eit naturskjønt område. Eikerapen er den  vinterdestinasjon som ligg lengst syd i Noreg, med alpinanlegg og fine tilrettelagte turar både sommar og vinter. 
For tinging eller meir info sjå eikerapen-gjestegaard.no

Bilete av Eikerapen Gjestegard - Klikk for stort bilete

Åseral turistsenter

Feriesenteret ligg i Eikerapen og kan by på10 utleigehytter som kvar har plass til 6 personer. Hyttene ligg i eit naturskjønt område og er eit flott utgangspunkt for turar både sommar og vinter. Resepsjonen er på Eikerapen Gjestegard, og det er her du tinger opphald. Besøk Nye Åseral Turistsenter på facebook 

Logo Åseral turistsenter - Klikk for stort bilete

Ljosland fjellstove

Søkjer du ”det langsomme liv” er Ljosland Fjellstove ein ideell stad. Her kjem du langt  bort frå den travle kvardagen, du kan nyte fred og ro, god mat og flott natur. Ljosland Fjellstove ligg på Ljosland, på venstre side rett etter innkøyringa til Ljosland kapell. For tinging eller meir info sjå fjellstova.com

Bilete av Ljosland fjellstove - Klikk for stort bilete

Bortelid camping

Bortelid Camping er ein heilårs campingplass med høg standard og flott plassering. Campingplassen er rekna for lang- og korttidsleige av oppstillingsplassar for campingvogner, bubilar og husvogner. Området er spesielt tilpassa vintercamping med frostfrie vannpostar, god service med ettersyn og brøyting, oppkøyrte skiløyper og kort veg til alpinannlegg. Det er sjølvsagt opent heile sommaren. For tinging eller meir info sjå bortelidcamping.no

Bortelid camping - Klikk for stort bilete

Åseral hytteservice

Åseral hytteservice har flotte hytter og fritidsbustader til utleige i Åseral, frå enkel standard til luksus. For tinging eller meir info sjå bortelidservice.no

Bilete av ei hytte med boblebad - Klikk for stort bilete

Håvestøl naturcamp

Håvestøl Naturcamp ligg i naturskjønne omgivelser på Håvestøl. Her kan du leige små hytter, svevetelt, hengekøyer og teltplasser. Det er òg tilgong på tønnebadstue, utekjøkken og biologisk toalett. For tinging eller meir info sjå www.bortelid.nu

Bilete frå Håvestøl naturcamp - Klikk for stort bilete