Rett ved Torslandbrua er det ein flott fiskeplass tilrettelagt for rørslehemma. Her kan ein køyre heilt ned til elva for å fiske. Det er ein asfaltert flate å stå på under brua og det er laga fiskepirar samt benkar/bord. Fiskeplassen ligg ca 2,5 km frå Kyrkjebygda mot Bortelid. Køyr forbi industriområdet, og ta av på høgre side av vegen der det er skilta til Torsland. Fiskeplassen ligg på venstre side rett før brua.