Vedlikehald av veg

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Statens vegvesen har ansvar for fylkesvegane.
Zoom i vegkartet på vegvesen.no for å finne ut om det er privat, kommunal eller fylkesveg.
Kommunen har ansvar for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem på sine vegar.

Oppgåver

Følgende aktiviteter utføres regelmessig for vedlikehold av veier:

  • Fjellsikring
  • Grøfterensk
  • Kosting og reinhald
  • Rydding av vegetasjon
  • Oppmerking og skilting
  • Tøming av vegsluk
  • Reparasjon av vegdekke
  • Vintervedlikehald

Sikthindrende vegetasjon

Sikten må vere god langs vegar, fortau og gangvegar (senere kalt veg). Dette for å unngå ulykker med anten bilar, syklar eller fotgjengerar. Målet er at alle skal sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar sånn at eit køyretøy kan stoppe på ein tredel av avstanden mellom barnet og køyretøyet. Vidare skal framkomsten ikkje bli hindra av vegetasjon som veks ut på vegen sitt område. Større/høgare køyretøy har titt problem på grunn av dette. Vegetasjon skal heller ikkje skjule vegmerking, vegnamn- eller trafikkskilt eller belysning. Dersom eigedomen din grensar mot veg er det ditt ansvar å fjerne vegetasjonen som er til hinder.

Pålegg til grunneigar

Kommunen kan pålegge grunneigar å klyppe, skjere eller flytte vegetasjon som skaper hindringar (sjå vegleiar under). Den enkelte grunneigar vil først få ei oppmoding om å gjere tiltak sjølv. Dersom pålegget ikkje blir etterkome kan kommunen sjølv syte for naudsynt fjerning for grunneigar si reikning.

Veileder for vedlikehold av Vegetasjon

For mer informasjon om vedlikehold av vegetasjon, så rettleiar frå Statens vegvesen om klypping av hekkar og buskar.