Føremålet er å halde dei kommunale vegane så trafikksikre som mogleg gjennom vinteren. Kommunen har ansvar for å brøyte og strøe kommunale vegar. Riks- og fylkesvegar har vegvesenet ansvaret for.
KORLEIS?
- Vakthavande/brøytemannskap er i beredskap heile døgnet. Dei vurderer ver-/føretilhøve og brøyting blir gjort etter behov.
PRIORITERING AV OPPGÅVENE
- Vegar med busstrafikk
- Resten av vegane
- Gang-/sykkelvegar og fortau
- Normalt vil brøyting og strøing av vegnettet ta 4-6 timar.
- Ved større nedbørsmengde må ein rekne med noko lengre tid.
DITT ANSVAR
- Bruk sunn vett slik at vi alle hjelper til for god framkommelegheit
- Parker ikkje slik at du blokkerer for brøytebilen, og hugs at brann- og søppelbilar treng minst tre meter breidde for å komme fram
- Feilmeldingar for fylkesvegar: kontakt Vegmeldingssentralen på tlf. 175.
- Feilmeldingar for kommunale vegar: kontakt kommunen