Parkering, lading og tanking
Kommunen har offentlige parkeringsplasser i sentrum av Kyrkjebygd. I tillegg er det offentleg parkering på desse plassane: Eikerapen, Ljosland, Bortelid, Røysland og Skogresmyr (Handeland, Heigardan)
LADESTASJONAR
Hurtiglading
- Kyrkjebygd
- Bortelid
- Eikerapen
- Ljosland
I tillegg har vi offentleg lading ved rådhuset og skulen i Kyrkjebygd
TANKING
HJELP OSS FRAM – VI TRENG DI HJELP
- Brannbil, brøytebil og søppelbil treng minimum 3 meter vegbreidd.
- Tenk deg om når du parkerar. Liv og helse kan stå på spel dersom bilen din sperrar vegen.
- Feilparkerte bilar kan skape problem ved at søppelbilane ikkje kjem seg fram til søppelspann og containerar.
- Respekter skilt som angjev parkerings- eller stoppforbod.
- Bilar som hindrar trafikken kan politiet bøtelegge eller fjerne på eigar si rekning med heimel i vegtrafikklova.
- Om hausten og på vinteren er det ekstra viktig å tenke seg om.
- Brøytemannskap må komme seg fram slik at dei får rydda vegen for snø.
BORTSETTE BILAR OG BILVRAK
- Du kan melde inn til oss dersom du ser bortsette bilar eller bilvrak langs dei offentlege vegane i kommunen.
- I samarbeid med politiet vil vi sørge for fjerning.
- Det kan likevel ta nokre veker på grunn av at eigar må sporast opp og varslast før fjerning.