Treng du hjelp til brøyting av privat veg?
Den som kan søkja, jfr. gjeldande “TILSKOTSREGLEMENT FOR BUSTADBYGGING, SNØRYDDING, VATN OG AVLØP (PDF, 525 kB)”. Alle hus med fast busetnad som stettar krava i pkt. 3.2 og kvar bueining langs vegen som blir brøytt.
Dette seier reglane om brøyting av private vegar
3. SNØRYDDING AV PRIVATE VEGAR.
3.1. Kommunen kan etter søknad rydde snø på private vegar til bustadhus med fast busetnad, jfr gebyrregulativ for Åseral kommune.
3.2. Reglane gjeld for vegar som har ei lengde på 75 m eller meir.
3.3. Det må vere semje blant alle oppsittarar langs vegen. Alle oppsittarane langs vegen må søke og alle må betale ei årleg avgift. Søknad sendast på skjema som vert utlevert av kommunen.
3.4. Oppsittarane langs vegen må sjølv syta for oppsetting av brøytestikker.
3.5. Snuplass utover plass for vanleg snuing med personbil, må oppsittarane rydde sjølv.
3.6. Eventuell skade og ulempe som snøryddinga måtte føre med seg, er kommunen uvedkomande.
3.7. Søknader om tilskot blir handsama av rådmann. Vedtaket er og rekne som enkeltvedtak i hht. Forvaltningslova. Kommunalutvalet er klageinstans.
SØKNADSSKJEMA