Vassmålar

Alle bygningar som er tilkopla offentleg vatn- og avløpsnett skal ha installert vassmålar, og skal betale forbruksgebyr etter målt vassforbruk. 

Bestille og hente vassmålar

Kommunen skal godkjenne den som skal installere, flytte eller fjerne vassmålarar.                                                               Røyrleggjar bestiller vassmålar ved å sende e-post til vannmaler@aseral.kommune.no                                     Utleveringstad er på Austrudsmonen 2.

Når vassmålaren er installert, skal ansvarleg røyrleggjar melde vassmålaren inn til kommunen. Dette skjer ved at skjemaet nedenfor vert fylt ut og sendt til e-posten: vannmaler@aseral.kommune.no

Skjema for montering av vassmålar (PDF, 321 kB)



Slik les du av vassmålaren:

  • Hovudavlesninga skjer ei gong i året
  • Du får ein SMS per vassmålar
  • Les av vassmålarstanden og svar på SMS eller på nett. Ta berre med med sorte tal, dei raude skal ikkje rapporterast
  • Om vi ikkje mottek avlesning vert vassforbruket stipulert
  • Abonnenten har ansvar for rett avlesning
Bilete av ein vassmålar - Klikk for stort bilete