Private drikkevassbrønnar

I områda der kommunen ikkje kan levere kommunalt drikkevatn får eigedomar vatn frå private brønnar. Eigarar av private brønnar er sjølv ansvarleg for at drikkevatnet er helsemessig trygt, klart og utan særskild lukt, smak eller farge. 

Fluorinnhald i vatnet

Åseral kommune tilrår alle som får drikkevatn frå ein privat borebrønn å måle fluorinnhaldet i vatnet. Mengda fluor i vatnet varierer frå område til område. I fleire område i Åseral er fluorverdiane over det som er tilrådd.

Fluorinnhald (PDF, 657 kB)

Tilskot til nye private brønnar

Åseral kommune gjev tilskot til nye anlegg for vatn for eksisterande spreidd fast busetnad der kommunen ikkje kan levere vatn.

Tilskot til bustadbygging mm.. (PDF, 525 kB)