Avløpsvatn
Avløpsvatn er det vatnet som er brukt inne i huset til toalett, bad, vaskerom eller kjøkken. Dette vatnet inneheld fosfor, nitrogen, organisk materiale og sjukdomsframkallande bakteriar.
For å bygge eit privat avløpsreinseanlegg må du søke om utsleppsløyve. Dette kan du som privat person ikkje gjere sjølv. Ein ansvarleg søkjar skal ha vere bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkjar skal vere eit foretak som fyllar krava i plan- og bygningslova.
Gjer deg kjent med Åseral kommune sine retningsliner for private avløpsanlegg.
Retningslinjer utslipp spredt bebyggelse (PDF, 790 kB)
Slam
Det er Hægebostad og Åseral renovasjon (HÅR) som hentar slam frå private og kommunale anlegg i kommunen.
www.har-renovasjon.no