Kostnad for stikkleiding og unnatak frå ordninga
Om stikkleidinga frå hytta og til hovudleidninga blir å koste meir enn kr 125 000 inkl. mva (2011 kroner), vil hytta vera automatisk unnateke frå denne ordninga. For desember 2023 utgjorde denne summen kr 170 000 inkl. mva.
Kostnadane for hytteeigaren vil vera:
- Tilkoplingsavgift
- Kostnaden til stikkleiding frå hytta og til hovudleidninga. (Denne vil variere frå nokre få kroner og opp til maksimalt kr 170 000 (des 2023))
- Kostnadane som følgjer med naudsynt tilpassing i hytta (Denne summen vil og sjølvsagt variera mykje).
Kven kan vente med tilkopling
Så har kommunestyret vedteke at hytteeigarar som ikkje ønskjer å legge inn vatn no kan få lov å vente med dette fram til:
- Det skjer eit eigarskifte (Dette inkluderer generasjonsskifte)
- Hytteeigaren ønskjer å gjera eit arbeid på hytta som krev byggeløyve.
Den som er eigar av ei hytte før eit VA-anlegg blir bygd ut i området, kan altså vente med fysisk tilkopling. Føresetnaden er at hytteeigaren betaler tilkoplingsavgifta når anlegget står ferdig. Anlegget vil bli bygd slik at det er lagt til rette for fysisk tilkopling seinare.
Kontaktinformasjon
Er det noko du lurar på vedrørande dette så ver venleg å ta kontakt med servicekontoret på e-post: post@aseral.kommune.no