Innbyggarforslag

Innbyggjarforslag er ei lovfastsett ordning som gir innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke rett til å setje ei sak på den politiske dagsorden i kommunen eller fylket. Det er i lova nokre vilkår for at kommunestyret eller fylkestinget er pliktig til å handsame forslaget.

Krav og vilkår for å fremje sak til kommunestyret

Kommunelova har krav til at 2 prosent eller 300 underskrifter støttar framlegget.
Dei som står bak framlegget, eller skriv under på ein sak, må vere registrert busett i kommunen.
Framlegget må gjelde kommunen si verksemd.
Kommunestyret har ikkje plikt til å handsame saka dersom same sak er handsama i løpet av valperioden.
Det er ikkje eit krav at dei som står bak framlegget har røysterett.  Det tyder at framlegg òg kan fremjast av personar under 18 år. Kommunestyret pliktar sjølv å ta stilling til framlegg som vert lagt fram.

Korleis føreslå ein sak til kommunen?

Minsak.no kan du enkelt føreslå ein sak til kommunen.

Vidare lesing og referansar

Les meir om innbyggjarframlegg i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet sin rettleiar om innbyggjarframlegg)

Innbyggjarframlegg er heimla i kommunelova § 12-1: Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) - Kapittel 12. Innbyggarmedverknad - Lovdata