Kommunal støtte til varmepumpe i bustader

I møte 7. desember 2024 vedtok kommunestyret å auke tilskottet til luft-til-luft varmepumper frå 30 % til 50% av kostnaden. Kvar huseigar kan få støtte til to pumper og maks tilskott per pumpe er sett til kr 15 000.

I same sak vedtok kommunestyret å avslutte ordninga med kommunal støtte til installering av solcellepanel. Grunngjevinga for dette er at staten ved ENOVA gir støtte til slike anlegg, men med atterhald om at den statlege støtta fell bort dersom huseigaren får støtte frå andre offentlege kjelder.

Vedtaket høyrest slik ut:

Sidan det gjev lite meining å subsidiere staten v/Enova vert støtte til solcelleanlegg blåst bort frå støtteordninga til energisparingstiltak. Vidare vert støtta til luft-til-luft varmepumper auka til 50%. Maksimal støtte pr. varmepumpe kr.15.000 og maks 2 varmepumper pr. husstand. Samstundes ber kommunestyret HDU sjå på andre fornuftige energisparingstiltak som ikkje gjev grunnlag for Enova støtte, og komme tilbake med eiga sak på dette.

Den praktiske handteringa av ordninga er slik:

Kommunedirektøren har ansvar for forvalting av ordninga og rapporterer til formannskapet
Søknader blir handsama fortløpande
Klage på administrative vedtak blir handsama av formannskapet
Støtta blir utbetalt etterskotsvis etter betalt rekning
Du må nytte digitalt søknadsskjema - HER

Innskrenking av kven som kan søkja og vilkår,
a) Søkjar må vere juridisk eigar
b) Søkjar må vere folkeregistrert i Åseral kommune
c) Bustaden må ligge i Åseral kommune
d) Det kan gjevast støtte til tiltak i fritidsbustader som er godkjent som bustad. Utbetalt støtte skal betalast attende til kommunen dersom eigedomen blir endra til fritidsbustad mindre enn 3 år etter at støtta blei utbetalt.
e) Det gjevast tilskot til maks 2 varmepumper per bustad
f) Eigeninnsats blir ikkje godkjent som grunnlag for tilskot
g) Det gjevast ikkje støtte til reparasjonar, service eller tilsvarande
h) Det er søkjars ansvar å undersøke med Åseral kommune om tiltaket er søknadspliktig og deretter eventuelt søkje om løyve
i) Frist for gjennomføring av tiltaket er 2 år frå dato for innsending av søknaden. Om tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen vert vedtaket trekt tilbake.

Kva kostnader kjem inn under ordninga?
• Kostnaden til kjøp av luft-luft varmepumpe
• Montering