Grensepåvisning, klarlegging og nymerking

Påvisning og eventuell nymerking av grense etter målebrev/matrikkelbrev gjeld grenser som er koordinatbestemt i tidlegere kart- og delingsforretning eller oppmålingsforretning.

Det kan òg rekvirerast oppmålingsforretning for det som gjeld klarlegging av eksisterande grense etter eldre dokument, til dømes skyldskifte/skylddeling.

Kven kan rekvirere

Påvisning med nymerking av eksisterande grenser kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt jf. matrikkelova § 17.
I dei tilfella kor det er eit firma som er eigar av eigedomen, blir det forlanga ein vedlagt firmaattest av nyare dato.
 

Rekvisisjonen skal innehalde

  • På rekvisisjonskjemaet skal det kryssast av på pkt. 3.2;  “Klarlegging av eksisterande grense...”
  • Kart der det tydelig går fram kva for punkt som skal merkast på nytt eller kopi av målebrev/skylddeling der punkta er markerte/beskrive.


Rekvisisjonsskjema

Saksgang

  • Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, blir varsel om tidspunkt for oppmålingsforretninga sendt til rekvirent og naboar til den aktuelle grensestrekninga.
  • Partene blir varsla seinast 2 veker i forkant hvis ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskriften § 37).
  • Dersom nokon skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Syner til matrikkelforskrifta § 36, klarlegging av eksisterande grense.
  • Under oppmålingsforretninga påviser landmålar dei grensepunkt som i følgje rekvisisjonen skal påvisast og merkast på nytt.
  • Nye grensemerke blir eventuelt sett ned og målt.
  • Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.
     

Matrikkelbrev

Etter at oppmålingsforretninga er halden vil det bli utarbeidd matrikkelbrev  for eigedommen som har fått klarlagt sine grenser.

Dette blir sendt rekvirentane og partane med 3 vekers klagefrist frå det tidspunkt då ein har motteke matrikkelbrevet.